Nyhende

Ny dato for årsmøte i Stiftinga Bergsliminne:

torsdag 15. april kl 18.00 i Voss Ungdomshall

 

Sjå Saksliste for første utlysing av årsmøte 2021.

 

Velkomen

 

Årsmøtet vert gjennomført i tråd med gjeldande smittevernreglar.

 

Styret

---------------------------------------------------------------------------------

Avlysing.


Me må avlysa årsmøtet torsdag 25. mars grunna dei nyaste smittevernreglane.

Årsmøte, ny dato


Årsmøtet i Stiftinga Bergsliminne vert,  Torsdag 4. juni 2020 


Styret

AVLYSING


Årsmøtet i Stiftinga Bergsliminne måndag 23. mars 2020 er avlyst.


Ny dato for årsmøtet 2020 vert kunngjort på heimesida og i avisa Hordaland når tilhøva er normaliserte.


Styret

Kulturminnedagane 2020

 

Kulturminnedagane er den norske utgåva av European Heritage Days under mottoet «Europa, ein felles kulturarv».


Kulturminnedagane vert markerte kvart år i midten av september. Formålet med desse dagane er å skapa forståing og interesse for kulturminner og kulturmiljø lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Gjennom ulike tilskipingar over heile Noreg vert historiske monument, verneverdige bygningar og gjenstandar, bygningsmiljø og kulturlandskap viste fram for publikum.

Kvart år vert det valt eit nytt tema for kulturminnedagen.


I 2020 er temaet LÆRE BRUKE BERE:

Praktisk kunnskap om håndverk, materialer og vedlikehald er viktig for eit berekraftig forbruk.

Temaet på Voss har fått tittelen: «Arven etter Bergslikunstnarane i eit berekraftig perspektiv»

 

Stiftinga Bergsliminne vil ha to tilskipingar i helga 12-13 september.


Laurdag 12. september:

  • Guiding til fots i Bergsliløypa. Vert avslutta på Dagestadmuseet. 50 kr


Søndag 13. september: 

  • «Ope hus» på Bergslitræet med praktiske aktivitetar for born
  • Ulike foredrag for vaksne.
  • Kunstlotteri


Kafe: Gratis kaffi og vaflar.

 

Sjå lysing i avisa Hordaland torsdag 10. september

VELKOMNE 

Tur til Bergslii 18. mai 2019


Kva samband er det mellom Bergslikunstnarane og Bergslii?

 

Dette - og mykje anna, vil du få vita om du er med på turen til Bergslii, som høyrer til garden Berge i Vestbygdi.

 

Voss Utferdslag, Voss Sogelag og Stiftinga Bergsliminne skipar til tur til Bergslii Laurdag 18. mai kl 13.00

 

Spaserturen er om lag 2-3 km frå tunet på Berge.

Magne Berge frå Voss Sogelag er kjentmann -  og har mykje å fortelja.

 

Sjå lysing og omtale i avisa Hordaland.

 

Velkomen!

STIFTINGA BERGSLIMINNE

 

ÅRSMØTE 2019

 

torsdag 21. februar kl 18.00 på Bergslitræet

Vanlege årsmøtesaker (Sjå sakliste under)

 

Saker må meldast inn til styret innan 14. februar

Vel møtt!

 

Styret

  

Sakliste på årsmøtet 21. februar 2019

 

 1. Konstituering

         godkjenning av    innkalling

                                      sakliste

          val av                   møteleiar                                        

                                      referent                                 

                                      protokollunderskrivarar

 2. Årsmelding for 2018

 3. Rekneskap for 2018 

 4. Budsjett for 2019 

 5. Eventuelle framlegg 

 6. Vedtekter

 7. Val

 

 Kaffiøkt


********************************************************************

MARKERING AV

KULTURMINNEDAGEN I BERGSLILØYPA OG PÅ BERGSLITRÆET

SØNDAG 23. SEPTEMBER


«Typisk norsk- ikkje berre norsk» er temaet for kulturminnedagen i 2018.

Kulturminnedagen er ein del av European Heritage Days og vert i år markert i Noreg for 25. året på rad. Kulturminnedagen 2018 inngår og som ein del av Kulturarvåret 2018.


Stiftinga Bergsliminne markerer dagen med ulike aktivitetar. Laila Rynning Veum vil guida i Bergsliløypa og ha ein lengre stopp i Ungdomshallen for å sjå Bergslikunsten der. I tillegg til sceneteppet «Jolareii» vert det også høve til å sjå portrettmedaljongar som Brynjulf Bergslien gav til Ungdomslaget og Ungdomshallen i 1897.

På Bergslitræet vert det fleire miniforedrag som handlar om felles kulturarv, identitet og kulturutveksling.

Aslak L Helleve vil snakka om nasjonsbyggjarane og kunstnarane Knud og Brynjulf Bergslien som måtte reisa ut i Europa for å ta utdanning. Rynning Veum vil fortelja om prosjektet «Rom for møte», eit samarbeidsprosjekt mellom Vaksenopplæringa, Voss Bibliotek og Stiftinga Bergsliminne i vår. Prosjektet var støtta av Hordaland fylkeskommune - og munna ut i eit utstilling som framleis heng på Bergslitræet. Vidare vil Kari M Tungesvik frå d’Kor fortelja om prosjektet «Voggesongar undervegs» og framføra nokre av songane.

I hagen på Bergslitræet vart det i vår planta Vossakvann, som ser ut til å trivst godt i Prestegardsmoen. Arne Mosefinn frå Voss Hagelag vil snakka om denne særeigne kulturplanten og stilla ut ymse informasjon.

Tilskipinga er eit samarbeid mellom Stiftinga Bergsliminne, Voss Hagelag og Økoveka i Bergen.

Dette er siste opningsdagen på Bergslitræet i år. I det høvet er det gratis kaffi og lappar.


Velkomne til kulturminnedag på Bergslitræet.



PROGRAM

12-13: Guiding i Bergsliløypa v/Laila Rynning Veum. Oppmøte v/Kulturhuset. 50 kr


13-16:Program på Bergslitræet:

Miniforedrag:

Bergslikunstnarane v/Aslak L Helleve

Om prosjektet «Rom for møte». Utstilling av elevar v/Vaksenopplæringa v/Laila Rynning Veum

Om prosjektet og songar frå «Voggesongar undervegs» v/medlem i d’Kor Kari M Tungesvik

Om Vossakvann v/ Arne Mosefinn.


Gratis kaffi og lappar!Sal av kort, bøker mm


Støtta av Folkeakademiet Voss


***************************************************************

Eldretreff på Bergslitræet torsdag 14. juni kl 14.00


Vel møtt til sosialt samvere på Bergslitræet.. Treffet kan kombinerast med ein liten spasertur i Prestegardsmoen eller ein kan køyra bil og parkera ved Tintrabrua.  Bergslihuset er tilrettelagt for rullestolar. Det er og mogeleg å ringa etter skyss på telefon 902 94 438.


Allsong: I høve markeringa av Aasmund Olavsson Vinje sin 200-årsdag vert det allsong med nokre av dei mest kjende av Vinje sine songar. Det er Brynjulf Bergslien som har laga bysta som står på

A. O. Vinje sin gravstein ved Søsterkirkene på Hadeland.


Odd Hagen spelar trekkspel og muntrar oss med både snakk og spel.

Det vert informasjon om Bergslikunstnarane ,kunsten deira og arbeidet i Stiftinga Bergsliminne. Og det vert god tid til ei solid kaffiøkt mellom programinnslaga.


Styret i Stiftinga Bergsliminne ynskjer vel møtt til ei sosial stund i fredelege omgjevnader i Prestegardsmoen.


Støtta av Den kulturelle Spaserstokken og Folkeakademiet Voss


Gratis tilskiping

…………………………………………………………………………………………

Sundagsope

        på

Bergslitræet



Stiftinga Bergsliminne ynskjer velkomen til ny sommarsesong på Bergslitræet søndag 3. juni.  Opningstidene vil vera som tidlegare år, kl 13.00-16.00 kvar sundag i juni, juli og august.


Etter rehabiliteringa i 2017 har det kome på plass ein liten museumsbutikk/kjøkken, så det er høve til å kjøpa seg kaffi/te og enkel kaffimat. I butikken er det også sal av kort, bøker mm. Betalingsmåte er kontantar og/eller Vipps.


I dei to utstillingsromma finn ein informasjon og kopi av bilete av både Knud, Brynjulf og brorsonen Nils Bergslien. Utstillinga av Knud Bergslien sine mest kjende bilete vert i år supplert med biletet «Kong Sverre i snestorm på Vossefjellene». I tillegg ei utstilling av barneteikningar som elevar i 3. klasse frå ulike skular i Voss kommune har levert etter å ha gått Bergsliløypa.


Nytt i år er ei utstilling av elevar frå Vaksenopplæringa på Voss med tittelen «Rom for møte». Utstillinga omhandlar både fotos og tekstar og er eit samarbeid mellom Voss Bibliotek, Vaksenopplæringa og Stiftinga Bergsliminne. Det vert høgtideleg opning av utstillinga med kulturelle innslag søndag 3. juni kl 13.00


I vår er det arbeidd med hagen og uteområdet. Det er skaffa til veges benkar og steinbord og såleis fleire sitjeplassar utandørs.


Gratis tilgjenge


Velkomen til tur og kultur i Prestegardsmoen

Årsmelding for Stiftinga Bergsliminne 2017


2017 var eit aktivt år for Stiftinga Bergsliminne. Med god økonomisk hjelp frå Sparebankstiftinga Hardanger, Hordaland Fylkeskommune, Kraftfondet, Prestegardsmofondet og kulturmidlar frå Voss kommune kunne 1. høgda på Bergslitræet ferdigstillast før sommarsesongen i fjor.


Åtte Vossakunstnarar donerte kvar sitt kunstverk til eit kunstlotteri til inntekt for Bergsliminne. Eit lite kjøkken kombinert med ein museumsbutikk og eit etterlengta forbrenningstoalett i andre enden av huset har gjort Bergslitræet meir attraktivt og tilgjengeleg for publikum.


I tillegg til stor dugnadsaktivitet auka besøkstalet med om lag 90 % frå 2016. 3. klassingar frå dei fleste skulane på Voss deltok i undervisningsopplegget om Bergslikunstnarane i den lokale læreplanen, og 3 klassar frå  Vaksenopplæringa gjekk Bergsliløypa for første gong. Det vart også gjennomført eit opplegg for klasse i vidaregåande skule.


Huset har vore ope kvar søndag frå juni til midt i september med guiding og kafe. For første gong vart det arrangert kulturminnedag på Bergslitræet med temaet «Kulturminner i samfunnets tjeneste».

Gjernes Grendalag, Voss Sogelag og Stiftinga Bergsliminne har samarbeidd om 3 infotavler i Prestegardsmoen. Desse vil verte monterte vår 2018.


Det nye styret i Stiftinga Bergsliminne er samansett slik:

Voss kommune:        Vidar Skeie,  (Lillian Rogne)              styremedlem

Voss Sogelag:            Guro Dagestad,  (Knut Farestveit)   økonomiansvarleg

Voss ungdomslag:    Per Nedkvitne,  (Torill Aaen Torpe) styremedlem

Voss folkemuseum:  Aslak L. Helleve,  (Turid Nygaard)   skrivar/nestleiar

Voss kunstlag:Laila   Rynning Veum,  (Torunn Høie)        leiar


***************************************************************************


STIFTINGA BERGSLIMINNE

ÅRSMØTE


måndag 5. mars kl 18.00 på Bergslitræet

Vanlege årsmøtesaker (Sjå sakliste under)


Saker må vera styret i hende innan 23. februar

Vel møtt!


Styret

---------------------------------------------------------------------------------------------------------


Sakliste årsmøtet 5. mars 2018


1. Konstituering

godkjenning av: innkalling

sakliste


val av                  møteleiar

referent

protokollunderskrivarar


2. Årsmelding 2017


3. Rekneskap 2017


4. Budsjett 2018


5. Eventuelle framlegg


6. Vedtekter


7. Val

----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Trekkjing i kunstlotteriet søndag 17. september på Bergslitræet


Stiftinga Bergsliminne takkar dei åtte kunstnarane som har gitt kvart sitt kunstverk til lotteriet. Det vart eit solid bidrag til rehabiliteringa av kunstnarheimen på Bergslitræet.


Me takkar også alle som har tatt lodd!


Her ei oversikt over kunstnarane og vinnarane:


Kunstverk av:                              Vinnarar:

Sveinung Iversen                          Klaus Gjøstein

Knut Myklebust                             Siri Giljarhus

Åshild Haugsbø                             Peder Ringdal

Arvid Norendal                              Dordi Søreide Kvåle

Ingeborg Loven Norekval             fam Arthur Drevsjø

Kristian Finborud                           Paul Haugen

Evelyn Hauso                                  Inger Leithaug

Matias Ringheim                            Arne Andersen


Vinnarane er kontakta


Voss 19.09.2017

styret i Stiftinga Bergsliminne


«Kulturminnedagane 2017»


«Kulturminnedagane» er internasjonale og vert markerte i september kvart år, med tilskipingar i om lag 50 europeiske land.

I Noreg vert Kulturminnedagane markerte i alle fylka  i landet, med rundt 200 ulike arrangement som spenner frå ein dag til ei heil veke. Målet med kulturminnedagane er å skapa forståing og respekt for eigen, felles og andre sin kulturarv. I tillegg eit ynskje om å skapa engasjement og aktivitet i lokalmiljøet. Norges Kulturvernforbund har i dag ansvaret for koordineringa av «Kulturminnedagane».Sjå www.kulturvern.no.


I år vert «Kulturminnedagen 2017» på Voss markert på Bergslitræet og i Bergsliløypa søndag 17. september. Bergslitræet, kulturminnet i Prestegardsmoen, var fødestaden og barndomsheimen til kunstnarbrørne Knud og Brynjulf Bergslien. Dei var ikkje berre store kunstnarar i siste halvdel av 1800-talet, men også viktige personar i nasjonsbygginga etter 1814.

Markeringa av kulturminnedagen startar med guiding i Bergsliløypa og vert avslutta på Bergslitræet der det vil vera ymse program og kafe.

Som avslutting på sommarsesongen vert det også trekking av kunstlotteriet som har gått føre seg gjennom heile sommaren. Sju av Voss sine kunstnarar har gitt kvart sitt kunstverk som bidrag til rehabiliteringa av kunstnarheimen på Bergslitræet i vår. Utstillinga av desse kunstverka kan sjåast på Bergslitræet.

Kunstnarane som har gitt kunstverk, er desse: Sveinung Iversen, Ingeborg Loven Norekval, Knut Myklebust, Arvid Norendal, Åshild Haugsbø. Evelyn Lillestøl Hauso, Kristian Finborud.



Program søndag 17. september 2017:


Bergsliløypa: Guiding v/Laila Rynning Veum.

Oppmøte ved Voss kulturhus kl 12.00


Bergslitræet:  Ope hus kl 13.00-17.00, med kafe


15.00:Historikk om Bergslikunstnarane, Bergslitræet og   planane framover

15.30: Musikkinnslag

13.00-16.00: Kunstlotteri

16.15-17.00:Trekking kunstlotteri


Gratisarrangement

Støtta av Folkeakademiet Voss.


Vel møtt til kulturdag i Prestegardsmoen!



STIFTINGA BERGSLIMINNE


ÅRSMØTE


måndag 6. mars kl 19.00 på Voss Gymnas,

1 høgd gamlebygget


Vanlege årsmøtesaker (sjå sakliste under)


.................................................................................................................


Saksliste: ÅRSMØTE 2017


Konstituering

godkjenning av-innkalling

.sakliste

      val av   -     møteleiar

      referent

      protokollunderskrivarar


Årsmelding for 2016


Rekneskap for 2016


Vedtekter


Val

.................................................................................................................

Februar 2011 :

November 2008